Om Kvåle Solutions
Kvåle Solutions (anglifisert som Kvaale Solutions) er eit tverrfagleg studio som tilbyr typesetting, grafisk design, webutvikling og språktenester, alt saumlaust integrert under eitt tak. Anten prosjektet ditt treng éi teneste eller alle fire, kan du få fordelen av eitt fast kontaktpunkt (SPOC) hjå oss. Firmaet vart skipa av Alve Kvåle, ein programmerar, lingvist og kunstnar frå Noreg. På tvers av alle dei fire avdelingane går det same mottoet att.
I det formelle språket FOL, så betyr dette for alle problem eksisterer det ei løysing. Me meiner det bokstavleg. Eit problem kan, per definisjon, løysast. Alt anna er ei avgrensing som me designar rundt. Når det er sagt, så finn me sjeldan avgrensingar her hjå Kvåle Solutions.
Kvåle Solutions sitt økosystem
Desse tenestene er alle essensielle komponentar i Kvåle Solutions-økosystemet. Dei samarbeider ofte, og leverer produkt og tverrfagleg støtte til kvarandre på tvers av mangfaldige prosjekt.
-
TeXtract er vår typesetting-teneste.
I denne tenesta er
LaTeX
hovudverktøyet, med mykje bruk av kraftige pakkar som
tikz,pgfplots, ogexpl3, og dokumentklassar somrevtex4-2,IEEEtranogelsarticle. - Æxis (anglifisert som Aexis) er vår teneste for grafisk design. Her tek me i bruk eit mangfaldig sett av verktøy for å kunstnerisk og matematisk skapa diagram og logoar, i tillegg til å hjelpe kundar med den generelle stilen til merkevara deira.
- Føx (anglifisert som Foex) er vår webutviklingsteneste, som tilbyr både front- og back-end-løysingar etter kunden sine eksakte spesifikasjonar.
- Annex er samlinga av våre språktenester. Der tilbyr me profesjonell skriving, kopiredigering, korrekturlesing og lokalisering.